Ingeborg Lyche

Norsk embetsmann

Ingeborg Bertha Lyche, fødd Aas, (7. august 19107. januar 1990) var ein norsk embetsmann, fødd i Østre Toten. Ho var ei tid gift med Karl Lyche.

Lyche vart cand.mag. i 1935 og arbeidde 1937-43 som lærar ved Norsk Korrespondanseskole (NKS), samt 1937-39 timelærar ved Oslo Katedralskole. Siste to åra av 2. verdskrigen heldt ho til i Sverige og sidan England. Frå 1945 til -50 var ho avdelingssjef ved NKS. I 1950 fekk ho stilling som byråsjef i Kyrkje- og undervisningsdepartementet; leiar av Kontoret for kunst og kulturarbeid. Lyche hadde mange styreverv, til dømes styreformann i Statens Filmsentral.

Kjelder endre