Karl Jacob Castrén Lyche (17. oktober 190310. januar 1971) var ein nynorsk kringkastingsmann.

Karl Lyche

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. oktober 1903
Helsingfors Sjå dette på Wikidata
Død

10. januar 1971 (67 år)

Yrke journalist, filolog
Far Zachris Castrén Sjå dette på Wikidata
Ektefelle Ingeborg Lyche Sjå dette på Wikidata

Han var fødd i Helsinki. Då han tidleg vart morlaus, voks Lyche opp hos fosterforeldre i Valdres. I 1920 tok han examen artium og tolv år seinare filologisk embetseksamen. Same året som han fullførte studiane, søkte det nyoppretta Norsk rikskringkasting etter nynorsk hallomann, ei stilling Lyche så hadde i fem år. I åra fram mot 2. verdskrigen vart han utsett for mykje støy og gnål frå folk i og nær riksmålsrørsla. Frå 1937 arbeidde han i Dagsnytt-redaksjonen og i 1946 vart han programredaktør for nyheitsavdelinga.

Karl Lyche var i lang tid gift med Ingeborg Aas.

Kjelder endre