Oslo katedralskole
Oslo katedralskole er ein vidaregåande skole i Oslo med røter tilbake til mellomalderen og den opplæringa som kyrkja stod for. Skolen er i dag ei privat stifting (Stiftelsen Oslo katedralskole) som sjølv eig bygningen og det eineståande biblioteket, som er det eldste i Noreg. Sjølve skoledrifta er likevel kommunal (fylkeskommunal), til liks med andre offentlege vidaregåande skolar.
Katedralskolen er kjend som «Katta» på folkemunne.
Historie
endreSkolen blei grunnlagt i år 1153 av den paveutsende kardinalen Nicolaus Breakspeare (seinare pave Hadrian IV). I reformasjonsårhundret var skolen sentrum for den såkalla austlandshumanismen, leia av menn som biskop Jens Nielssøn og lector theol. Hallvard Gunnarsøn.
På 1600-talet blei oppretta eit gymnasium i samband med skolen, som kunne ha vore det første tilløpet til eit norsk universitet, men pengevanskar førte til at det blei nedlagd etter kort tid.
Kjende tidlegare elevar
endre- Niels Henrik Abel (1802-1829)
- Henrik Anker Bjerregaard (1792-1842)
- Mauritz Hansen (1794-1842)
- Kong Harald V (1937-)
- Veronica Orderud (1972-)
- Conrad Nicolai Schwach (1793-1860)
- Jens Stoltenberg (1959-)
- Arne Treholt (1942-)
- Henrik Wergeland (1808-1845)
- Johan Herman Wessel (1742-1785)
Bakgrunnsstoff
endre- Oslo katedralskole i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Nettstad for Oslo katedralskole Arkivert 2006-05-08 ved Wayback Machine.
- Historie på nettstaden Arkivert 2007-12-30 ved Wayback Machine.
- Kattateateret