Opna hovudmenyen

Ingebrigt Nordbye

norsk politikar

Ingebrigt Nordbye (4. januar 18289. mai 1873) var ein næringsdrivar og stortingsmann frå Selbu i Sør-Trøndelag.

Ingebrigt Nordbye
Fødd 4. januar 1828
Død

9. mai 1873

Yrke politikar

Nordbye var son til lensmannen i Selbu. Sjølv gjekk han realskulen i Trondheim, arbeidde så som kontorist hos futen i Strinda. Han overtok slektsgarden Kvello i Selbu i 1846, der han bygde ei kornmylne og dreiv landhandel. Dessutan var han skogvaktar og tømmermmerkar for ein trelasthandlar busett i Trondheim.

Han var ordførar i Selbu frå 1856 til -73 og kasserar i den lokale sparebanken 1859-73. I tillegg var han medlem av forlikskommisjonen 1864-73 og av matrikkel-kommisjonen i Gauldal fogderi. Han deltok i kristenlivet som formann i misjonsforeininga i Selbu.

Nordbye representerte Søndre Trondhjems amtStortinget i 1868-69 og 1871-73, men var permittert i 1872-sesjonen. Heile tida han var tingmann sat han som medlem av justiskomiteen. Han døydde i hovudstaden, under stortingsopphaldet der, 45 år gammal.

KjelderEndra