Inger Anne Frøysedal

Inger Anne Hovind Frøysedal (fødd 25. april 1989) er ein norsk veterinær og tidlegare friidrettsutøvar frå Stryn som vart norsk meister i tresteghopp seks år i rad, 2009-14. I barneåra var ho medlem i Oppstryn IL, sidan representerte ho osloklubben IK Tjalve.

Inger Anne Frøysedal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. april 1989 (34 år)
Stryn kommune
Idrett friidrett

Aktiv endre

Etter å ha vunne bronsemedaljen i tresteghopp i NM 2007 og sølvmedaljen året etter, var Frøysedal åra frå 2009 til 2014 den beste kvinnelege tresteghopparen i Noreg. Desse seks sesongane vann ho årleg gullmedaljen i øvinga. Under eit stemne i juli 2010 nådde ho 13,88 meter i eit tresteghopp, men medvinden var for sterk til at det vart norsk rekord. Frøysedal deltok i EM i friidrett 2010 i Barcelona, med 13,51 m (=nr 21) rauk ho ut i kvalifiseringa. Ho sette personleg rekord i tresteghopp med 13,71 m då ho vart noregsmeister i Kristiansand i 2012.

Frøysedal presterte personbeste i lengdehopp med 6,12 meter ved eit stemne i Florø i 2010. Året etter tok ho NM-sølv i øvinga.

Kjelder endre