Inger Marit Eira-Åhrén
Inger Marit Eira-Åhrén (fødd 11. januar 1974) er ein norsk samisk sjukepleiar og politikar for Arbeiderpartiet. Ho vart tilsett som direktør i Sametinget i Noreg i 2020.
Inger Marit Eira-Åhrén | |||
| |||
Fødd | 11. januar 1974 (50 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, sjukepleiar |
Liv og virke
endreEira-Åhrén kjem opphavleg frå Kautokeino i Finnmark, men har budd i Røyrvik i Nord-Trøndelag sidan tidleg på 2000-talet.[1] Eira-Åhrén var politisk rådgjevar i Sosial- og helsedepartementet 2000–2001 og medlem av Røyrvik kommunestyre 2007–2011.[2] Frå 2011 var ho medlem av Nord-Trøndelag fylkesting. Ho er leiar i fylkestinget sin komité for utdanning, kultur og helse, leiar i områdestyret for Nord-Trøndelag reinbeiteområde og nestleiar i styret i Helse Nord-Trøndelag HF.[3][4] Eira-Åhrén gjekk ut av politikken i 2018. I september 2020 vart ho tilsett som direktør for det norske Sametinget.[5]
Kjelder
endre- ↑ Aslaksen, Eilif (27. august 2012). «Svarte nei til sameministeren». NRK Sápmi. Henta 27. februar 2013.
- ↑ Ballovara, Mette (13. september 2011). «Nå blir hun fylkespolitiker». NRK Sápmi. Henta 27. februar 2013.
- ↑ «Inger Marit Eira-Åhrén». Nord-Trøndelag fylkeskommune. Arkivert frå originalen 18. mai 2012. Henta 27. februar 2013.
- ↑ Aslaksen, Eilif (27. juni 2012). «De mest aktuelle kandidatene». NRK Sápmi. Henta 27. februar 2013.[daud lenkje]
- ↑ «Inger Marit Eira-Åhrén tilsettes som direktør i Sametinget». Sametinget. 29. april 2020. Henta 1. mars 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Inger Marit Eira-Åhrén» frå Wikipedia på bokmål, den 1. mars 2023.