Inger Mikkelsen Røsoch
Inger «Mikro» Mikkelsen Røsoch (17. januar 1905–16. august 1997)[1] var ein norsk pianist som var kjend frå NRK Radio der ho var akkompagnatør i over femti år.
Inger Mikkelsen Røsoch | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. januar 1905 |
Død |
16. august 1997 (92 år) |
Yrke | pianist |
Liv og virke
endreMikkelsen Røsoch var dotter av Martin Mikkelsen og Anna Moxness.[2] Etter å ha spelt piano sidan ho var fire år, spelte ho som tolvåring våren 1918 ved Studentersamfundet i Trondhjem og fekk tilnamnet «Mikro» fordi ho ikkje nådde ned til pedalane.[3] Seksten år gammal debuterte ho ved byens klassiske scene.[4] Seinare blei ho med i Bodega Band (skipa i 1929) som var jazzorkesteret til samfunnet, og samstundes det fyrste storbandet i landet. Ho blei livsvarig medlem og fyrste kvinnelege medlem i De Sorte Faars Ridderskab i 1947.[3][5]
På oppfordring av programsekretæren (og seinare svogeren hennar) Henry Røsoch (1894–1950), blei Mikkelsen Røsoch med då byen fekk sin fyrste lokalradio Trondheim kringkaster, eigd av Telegrafverket og frå 1933 av NRK.[6][7] Der debuterte ho ved opninga den 4. mai 1930 og akkompagnerte etter kvart i programposten «Strekken», som handla om gymnastikk og blei ein av dei lengste programpostane hos NRK Trøndelag.[4] Mest kjend blei ho etter at ho i 1949 blei med som akkompagnatør i Reidar Morset (1918–2001) sine gymnastikkprogram. Også dottera til Morset, Ingrid, blei med, og programmet heldt fram til 1982, då Morset trekte seg tilbake.[8] Frå 1952 var ho også brukt i andre samanhengar på NRK radio. Mikkelsen var pianist då Otto Nielsen (1909–82) og komponisten Harald Haugen på 1930-talet sette opp den fyrste radio-operetten, «Postboks 39», og mottok i 1979 Trondheim kommunes kulturpris saman med nemnde Nielsen.[9]
Inger Mikkelsen Røsoch var gift med handelslærar Kolbjørn Røsoch (1897–1979).[10]
Kjelder
endre- ↑ Fødsels- og dødsdato fra Dødsfall i Norge 1995–2007 Arkivert 10. desember 2014 på Wayback Machine. i Digitalarkivet.
- ↑ Ifølgje Bernt Martin Mikkelsen, Inger Eline Røsoch i slektsdatabasen geni.com, datert 8. september 2010.
- ↑ 3,0 3,1 Idar Lind (1986). Vår egen lille verden: Studentersamfundet i Trondhjem 1910-85. Studentersamfundet i Trondhjem. s. 38. ISBN 8299145805. «Vårsemester 1918 debuterte 12 år gamle Ingen Mikkelsen ved Samfundets flygel. Hun satt på toppen av en stabel noter og nådde slett ikke ned til pedalene. Likevel tok hun Samfundet med storm. Hun fikk straks tilnavnet Mikro, og kvitterte med å bli en flittig gjest ved flygelet. I begynnelsen av 30-åra ble hun tildelt livsvarig medlemskap i Samfundet som takk. Senere ble hun den første kvinne slått til Ridder av De Sorte Faar. Og selv om hun nådde ned til pedalene etter hvert, beholdt hun kjælenavnet Mikro.»
- ↑ 4,0 4,1 NRK-historia i Trøndelag i NRK den 24. august 2000.
- ↑ «De Sorte Faars Ridderskab - Studentersamfundet i Trondhjem». dsfrs.samfundet.no. Henta 9. desember 2023.
- ↑ Tyholt i Store norske leksikon.
- ↑ Jon Annar Fordal, Tøy og bøy med Reidar Morset hos NRK den 22. november 2004.
- ↑ Arnulf Grut, Reidar Morset, nekrolog i Adresseavisen den 10. mai 2001.
- ↑ «Velfjortent kulturpris». Klassekampen. 21. juni 1979. s. 8. «Trondheim kommunes kulturpris for 1979 er tildelt Otto Nielsen og Inger Mikkelsen Røsoch.»
- ↑ Aftenposten, 15. april 1944, side 4
- Denne artikkelen bygger på «Inger Mikkelsen Røsoch» frå Wikipedia på bokmål, den 9. mars 2024.