Inger Pedersen

norsk politikar

Inger Pedersen (fødd 3. mai 1936) er ein norsk politikar frå Flekkefjord i Vest-Agder. Ho representerte Nordland og ArbeidarpartietStortinget i tida 1985-93, og var vararepresentant i perioden 1981-85.

Inger Pedersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. mai 1936
Flekkefjord kommune
Død

2023 (86 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Pedersen tok examen artium i 1955. Dei neste to åra var ho journalistlærling i avisa Nybrott i Larvik. Skuleåret 1957/58 gjekk ho på Journalistakademiet, og arbeidde så eitt år ved Flekkefjord-kontoret til avisa Sørlandet. I 1959 vart ho tilsett i avisa Fremover i Narvik, der ho var journalist i 26 år.

I Narvik engasjerte Pedersen seg i partipolitisk arbeid for Arbeidarpartiet. Ho var medlem i bystyret 1968-71 og 1983-87, siste perioden med plass i formannskapet. Frå 1968 til -77 var ho elles medlem i skulestyret, og 1968-79 med i barnehagenemnda, formann i nemnda dei siste åtte åra. Seksårsperioden 1975-81 var ho landsstyremedlem i Arbeidarpartiet og 1979-82 nestformann i Rikstrygdeverket sitt styre.

Stortingsperioden 1981-85 var Pedersen vararepresentant til Stortinget frå Nordland, og møtte ved enkelte høve. Etter stortingsvalet 1985 var ho fast stortingsrepresentant, attvald i 1989. På Stortinget var ho til 15. mai 1986 medlem i Finanskomiteen. Ho vart så flytta over i Justiskomiteen, ein komite ho leia ut tingperioden. Dei siste fire åra på Stortinget, 1989-93, var ho medlem i Kommunal- og miljøvernkomiteen.

Då Pedersen gjekk ut av Stortinget hausten 1993 fekk ho stilling som informasjonssjef i Narvik kommune, ein jobb ho hadde til ho pensjonerte seg i 1998.

Kjelder endre