Flekkefjord
Flekkefjord er ein by og administrasjonssenteret i Flekkefjord kommune i Agder fylke. Tettstaden ligg inst i Lafjord, som er det indre framhaldet av Stolsfjorden som munnar ut i Fedafjorden, om lag 10 kilometer innanfor fjordgapet. Flekkefjord har 6 045 innbyggjarar per 1. januar 2017.
Flekkefjord | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Flekkefjord | ||
Areal | 3,59 km² | ||
Folketal | 6 045 (2017) | ||
Folketettleik | 1 684 / km² | ||
Innbyggjarnamn | flekkefjerding | ||
Preposisjon | i Flekkefjord | ||
![]() Flekkefjord | |||
Wikimedia Commons: Flekkefjord | |||
Flekkefjord ligg nært E39, omtrent midtvegs mellom Kristiansand og Stavanger. Byen er eit viktig service- og handelssenter for eit stort omland på begge sidene av grensa mot Rogaland. Gjennom tettstaden går eit smalt elveløp som går frå Lafjord og inn til Grisefjorden som ligg i havnivå innanfor. Den bymessige busetnaden ligg både mot Lafjord og Grisefjorden innanfor. Mot Grisefjorden ligg Hollenderbyen (Øvrebyen) med eit verneverdig bymiljø. Namnet er etter skutene frå Nederland som frå 1600-talet og framover la til her for å laste tømmer og trelast. Vest-Agder-museet Flekkefjord ligg i denne delen av tettstaden, i nært samband til det gamle bymiljøet.[1]
Flekkefjord kyrkje, ei åttekanta tømmerkyrkje frå 1833, ligg på vestsida av elva. I tettstaden ligg Byggeskikksenteret, oppretta i 2011, som vegleiar i vedlikehald og utbetring av eldre, verneverdig byggemasse.
Flekkefjord har vidaregåande skole, Lister videregående skole Studiested Flekkefjord, og her ligg Sørlandet sykehus Flekkefjord HF. I Flekkefjord kjem lokalavisa Agder Flekkefjords Tidende ut tre dagar i veka.[2]
KjelderEndra
- ↑ «Flekkefjord – tettstedet». Store norske leksikon. 6. august 2015. Henta 20. januar 2018.
- ↑ «Flekkefjord». Store norske leksikon. 2. november 2017. Henta 20. januar 2018.
BakgrunnsstoffEndra
- Om Flekkefjord – Informasjon frå Flekkefjord kommune
- Flekkefjord - visitnorway.no – Turistinformasjon om Flekkefjord