Ingilín Didriksen Strøm
Ingilín Didriksen Strøm (fødd 22. august 1991) er ein færøysk politikar. Ho har vore miljøvernminister på Færøyane sidan 2022[1] og innvald på Lagtinget sidan 2019. Ho representerer Javnaðarflokkurin.[2][3]
Ingilín Didriksen Strøm | |||
Fødd | 22. august 1991 (33 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Kongeriket Danmark | ||
Parti | Javnaðarflokkurin | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Fróðskaparsetur Føroya | ||
Far | Hans Pauli Strøm | ||
Ektefelle | Teitur Lassen | ||
Verv | Miljøvernminister på Færøyane 22. desember 2022– | ||
Verv | Lagtingsmedlem 31. august 2019– | ||
Alle verv |
Bakgrunn
endreStrøm vaks opp i Vestmanna og bur i Tórshavn. Ho har også hatt opphald i Danmark og Kenya. Ho har ein bachelorgrad i færøysk språk og litteratur frå Fróðskaparsetur Føroya i Tórshavn.[2]
Strøm er yngste dotter av tidlegare lagtingsmannen og landsstyremannen Hans Pauli Strøm og læraren Gyðja Hjalmarsdóttir Didriksen.[4][5] Ho gifta seg i 2016 med musikaren Teitur Lassen. Dei har barn saman.[2][4]
Kjelder
endre- ↑ Johannesen, Johnsigurd (22. desember 2022). «Bjørt løgtingsforkvinna og Aksel løgmaður» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Arkivert frå originalen 22. desember 2022. Henta 22. desember 2022.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Ingilín Didriksen Strøm» (på færøysk). Javnaðarflokkurin. Henta 5. november 2022.
- ↑ «Ingilín Didriksen Strøm» (på færøysk). Løgtingið. Henta 5. november 2022.
- ↑ 4,0 4,1 Skúvadal, Gunnar (5. juni 2016). «Teitur og Ingilín gift á Leynasandi» (på færøysk). VP. Arkivert frå originalen 4. september 2019. Henta 23. mai 2020.
- ↑ «Ingilín Didriksen Strøm» (på færøysk). Slekt og ættarbond í Suðuroy. Henta 5. november 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Ingilín Didriksen Strøm» frå Wikipedia på bokmål, den 26. mars 2024.