Ingrid Hadler

(Omdirigert frå Ingrid Thoresen)

Ingrid Hadler, fødd Thoresen, (fødd 12. februar 1946) er ein norsk tidlegare idrettsutøvar frå Trondheim som vart verdsmeister i orientering i 1970. Ho vart elles nordisk meister i 1965 og vann VM-gull i stafett i 1968 og stafettgull i nordisk meisterskap i 1965 og 1971. Frå 1964 til 1972 sanka 15 NM-gull i orientering og fekk fem kongepokalar. Ho var opphavleg medlem i Freidig, seinare representerte ho BUL i Oslo. I yngre år var ho aktiv også i friidrett og langrenn. Sommaren 1968 gifta ho seg med Åge Hadler.

Ingrid Hadler
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. februar 1946 (78 år)
Trondheim
Idrett orientering
Utmerkingar

Olavstatuetten, Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris

Kjelder endre