Ingunn Strøm (fødd 1959) er ein norsk tidlegare handballspelar som i tida 1977 til 1985 spelte 92 landskampar for Noreg og skåra 197 mål. Rykkromspelaren vann NM-gull med Gjerpen IF i 1986 og Nordstrand IF i 1987.

Strøm var Stabæk-spelar fram til 1976. Deretter var ho i tre sesongar aktiv i svenske Stockholmspolisen. Frå sommaren 1979 gjorde ho teneste i Bækkelaget SK i seks år. Sidan var ho Gjerpen-spelar 1985-87 og ein sesong i Nordstrand. Frå 1988 trappa Strøm ned med spel i 4. divisjon for Ekeberg SK, og til sist var ho aktiv i Harjar i tida 1990-99.

Strøm vart rekna som ei stort talent med framifrå skotstyrke. Ho debuterte 1. november 1977 då Noreg overraska med å spele uavgjort 12-12 mot Russland. Nokså nøyaktig åtte år seinare tapte Noreg 22-35 mot Russland i det som vart hennar siste landskamp. Straks etterpå braut ho ein fot og mista plassen i VM-troppa.

Kjelder endre