Ingvald Forsberg (fødd 5. januar 1886 i Nordfold, daud 4. oktober 1933 på Bodø sjukehus) var ein norsk journalist og forfattar.

Ingvald Forsberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. januar 1886
Nordfold
Død

4. oktober 1933 (47 år)

Yrke skribent

Han gjekk på i alt tre folkehøgskolar: Vågan 1910-11, Telemark 1911-12 og Voss 1912-13. Han arbeidde deretter på anlegg i Odda medan han skreiv den første boka si I anleggsbyen, roman fraa arbeidarlive, som i åra 1914-16 vart trykt som føljetong i Ungdomsbladet som utkom i Kabelvåg. Boka var prega av inspirasjonen frå Kristofer Uppdals proletarromanar.

Etterkvart fekk han stillingar i pressa. Først i Nordlendingen frå 1914, seinare i Østlandsposten og frå 1918 til 1919 i Fædrelandsvennen.

Den eigenlege debuten hans kom i 1919 med ungdomsromanen Moglunten, om guten som vart kua av folkemeininga i bygda, men som viste oppfinnsomheit i Lofotfisket og til sist vågar å fri til jenta der heime.[1] Markus (1932) reknast som «den største og mest heilstøypte av bøkene hans», og hovudpersonen er ein framgangsmann i bygda som både lukkast som gårdbruker, vert godt gift og får ordførarvervet etter svigerfaren, men som likevel følar seg einsam og som ein tapar.[1] «Det er ein sterk og heilstøypt psykologisk mannslagnad Forsberg gjev oss i denne boka.»[1]

Olav A. Loen har skrive to minneskrift om han; eit vart utgjeve som særtrykk av avisa Austland på Hamar i 1943 og eit vart utgjeve på Evjeberg forlag i 1956.

Forfattarskap endre

  • 1919: Moglunten, forteljing frå Nordland (nynorsk)
  • 1921: Den store striden, roman om ung mann i religiøs krise, delvis sjølvbiografisk[1] (nynorsk)
  • 1925: Nyheim, framhald av Den store striden (nynorsk)
  • 1932: Markus, roman (nynorsk)
  • 1933: Det nye riket, roman om mann i livskriser (nynorsk)

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Olav A. Loen.