Østlands-Posten (ØP) er ei dagsavis som kjem ut i Larvik i Vestfold. Ho held til på Fritzøe Brygge. Østlands-Posten dekker Larvik og Lardal kommune i sørlege delar av Vestfold. Ansvarleg redaktør er Eirik Haugen.[1]

Historie

endre

Avisa vart grunnlagd som venstrepolitisk avis i 1881. 1896–1995 var Østlands-Posten eigd av familien Næss. Ho vart ei partipolitisk sjølvstendig dagsavis etter Venstre si splitting i 1972.

Driftselskapet er Østlands-Posten AS som er eigd av A-pressen ASA sidan 1995.

Østlands-Posten er i dag ein del av eit mediehus som i tillegg til eiga avis eig lokalavisene Tvedestrandsposten, Aust-Agder Blad (Risør), Porsgrunns Dagblad, Øyene og Jarlsberg Avis. I tillegg er mediehuset største lokalradioaktør i Vestfold, i tillegg til at ein driv sitt eige distribusjonsselskap.

Opplagstal

endre

Utvikling i nettoopplag.[2]

År Nettoopplag
2000 14 523
2001 14 536
2002 14 542
2003 14 276
2004 14 293
2005 14 358
2006 14 284
2007 14 281
2008 13 932
2009 13 730
2010 13 446
2014 11 952

Østlands-Postens nettavis er største lokale nettstad i søndre Vestfold.

Østlands-Posten lanserte 29. februar 2008 et nytt spesialmagasin, Bøk. ØP-journalist Kjersti Bache fekk redaktøransvaret for magasinsatsinga.

Svenner.no

endre

Østlands-Posten lanserte 22. mai 2008 ei eiga nettavis for Stavern og land kalla svenner.no.

Nærradio

endre

Østlands-Posten har drive nærradio to gonger tidlegare: først Radio ØP (1985–1987, på eigen konsesjon), så Radio Larvik (2005–2007, på Radio Sentrum sin konsesjon). I 2008 søkte Østlands-Posten om såkalla allmennkonsesjon og 2. juni 2008 vart det klart at avisa fekk konsesjon.

Avisa eig 49 % av aksjane i Radio Tønsberg.

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre
  1. «Østlands-Posten», www.op.no (på norsk), henta 25. mars 2020 
  2. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.