Ingvald Møllerstad

Ingvald Møllerstad (19. april 189328. april 1965) var den første fast tilsette pressefotografen i Noreg.[treng kjelde]

Ingvald Møllerstad
Fødd 19. april 1893
Nannestad
Død

28. april 1965
Oslo

Yrke fotograf

Opphavleg heitte han Ingvald Johansen og kom frå Møllerstad gard i Nannestad, som han tok namnet etter. Møllerstad byrja i 1921 å fotografera for Aftenposten og vart fast tilsett i 1934 som einaste pressefotograf i avisa. Han vart i Aftenposten til han gjekk av for aldersgrensa i 1963.

I løpet av si tid i Aftenposten var Møllerstadtilstades og fotograferte ei rekkje hendingar som er vorte ein del av norsk historie. Mellom anna fotograferte han frå fly luftskipet «Norge» som var under vegs til Oslo i 1926, og vart send til Tafjord for å fotografera frå rasulukka der. Møllerstad fotograferte den tyske innmarsjen i Oslo 9. april og han var tilstades over alt under mai-dagene i 1945 og festa jubelscenene til film.

Han vart tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull (1963).

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra