Ingvar Bakken

norsk politikar

Ingvar Henry Bakken (22. juli 192027. juni 1982) var ein norsk politikar frå Øymark i Østfold. Han representerte Østfold fylke og ArbeidarpartietStortinget frå 1958 til han døydde i 1982.

Ingvar Bakken
Fødd22. juli 1920
Øymark kommune
Død27. juni 1982 (61 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Bakken var son til ein småbrukar og skogsarbeidar i Øymark. Til liks med far sin arbeidde han i skogen og var tømmerfløytar, og han tok også over småbruket. Frå 1953 var han i tillegg tømmermålar.

Bakken var ordførar i Øymark herad frå 1947 til 1963. Etter at Øymark vart ein del av nye Marker kommune, var han ordførar i storkommunen den fyrste fireårsbolken; 1964–67. Frå 1945 til han døydde hadde han ei mengd styreverv, både i offentleg og privat verksemd.

Etter å ha vore vararepresentant til Tinget i perioden 1954–57, hadde Bakken fast plass på Stortinget frå 1958 til han døydde i 1982. Dei fyrste fire sesjonane var han medlem i Skog-, vassdrags- og industrikomitéen, og dei neste fire i Kommunalkomitéen. Frå 1965 til -69 hadde han plass i Samferdslekomitéen, deretter var han med i Landbrukskomitéen i åtte sesjonar. Her var sekretær til mars 1971, etter at Trygve Bratteli samstindes tok over som regjeringssjef var Bakken nestformann i same komiteen. Perioden 1973-77 var han atter sekretær i Landbrukskomiteen, medan han i tida 1977-81 var formann i same. Hausten 1981 fekk han plass i Justiskomitéen og var medlem i den komiteen til han døydde i juni 1982.

Bakken var formann 1973-82 i Arbeidarpartiet sitt jordbruksutval og 1975-82 medlem i sentralstyret til partiet.

Kjelder endre