Ingvar Hestnes
Ingvar Hestnes (30. mars 1904–27. februar 1990) var ein norsk spelemann frå Valsøyfjorden i Halsa kommune på Nordmøre.
Ingvar Hestnes | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. mars 1904 |
Død |
27. februar 1990 (85 år) |
Yrke | musikar |
Ingvar Hestnes vart fødd i 1904 av foreldra Nils Hestnes (bonde og stortingsmann) og Anne Skogset. Han vart interessert i felespel som 8-åring, men den første tida spela han berre på ei fjølfele som ein eldre bror hadde laga åt han, og seinare i barndommen vart det mest spel på tyskfele (flatfele, vanleg fele). Da han var 19 år gammal, kjøpte faren ei hardingfele åt han gjennom kristiansundsspelemannen Nils Bakke, og det var hardingfela som kom til å stå hjarta hans nærmast.
Han spela folkemusikk frå Nordmøre med hovudvekt på tradisjonen etter Holger Aresvik, Hallvard Ørsal og Erik Almhjell, men sette eit sterkt personleg preg på slåttane gjennom framføringsstilen sin. Ein av dei slåttane han sette mest preg på var det som var kjent som «Bruramarsj frå Valsøyfjord», men han hadde òg ein svært ekspressiv vri på sunndalsslåtten «Grølislåtten». I tillegg spela han ein del gammaldans og laga ein del eigne melodiar — slik som valsane «Drømmaren» og «Fjellvandraren».
I kappleikssamanheng har han vunne 1. premie i hardingfele (Fylkeskappleiken i Møre og Romsdal), 2. premie i hardingfele (Fylkeskappleiken 1967 og 1969) og 2. premie i vanleg fele (Distriktskappleiken 1968, Fylkeskappleiken 1971).
Kjelder
endre- Halse, Leif: Spelemenn på Nordmøre. Trondheim (Nordmøre Spelemannslag / Rune Forlag), 1973. ISBN 82-523-0022-7
- Ingvar Hestnes på safon.org[daud lenkje]