Ingvar Moe

norsk forfattar, lyrikar og omsetjar

Ingvar Moe (11. desember 19362. september 1993) var ein norsk forfattar og lyrikar frå Etne. Han debuterte i 1975 med diktsamlinga Løktastolpefrø, som han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. Denne diktsamlinga er bakgrunnsmateriale for ei viseplate med Stanley Jacobsen som kom ut i 1978.

Ingvar Moe
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. desember 1936
Død

2. september 1993 (56 år)

Yrke Forfattar
Periode 1975-1993
Debut Løktastolpefrø

I tillegg til å skriva dikt, romanar, barne- og ungdomsbøker, kåseri og skodespel skreiv han også lærebøker for barneskulen og han omsette barnebøker frå andre språk til nynorsk. I 1984 var han tekstforfattar til julehefte Smørbukk.

Bøker Endra

Diktsamlingar Endra

Romanar Endra

  • 1988Rundt sjøen : bilete frå ein barndomsstad – sjølvbiografisk oppvekstroman
  • 1988Soga om hordalandsfolket, band 1: Forbanninga : historisk spenningsroman
  • 1990Soga om hordalandsfolket, band 2: Kvinner mellom mørke fjell : historisk spenningsroman
  • 1992Soga om hordalandsfolket, band 3: Ulveslåtten : historisk spenningsroman

Barne- og ungdomsbøker Endra

  • 1978Ingenting å vera redd for
  • 1979Dei må ikkje skyta Garm. Illustrert av Ingegerd Tveit
  • 1980Det brenn...
  • 1980Garm blir borte
  • 1983Tre døgn i uvisse
  • 1984Heia oldemor! : ei heilt vill forteljing, illustrert av Fam Ekman
  • 1985Oldemor rock! : ei nokså vill forteljing
  • 1986Syntax error
  • 1989Oldemor og skurken : ei endå villare forteljing, illustrert av Fam Ekman
  • 1992Farleg ferd mot mørkret, Bok 1: Landet bak Fosseveggen
  • 1992Farleg ferd mot mørkret, Bok 2: Gjennom dei mørke landa
  • 1993Oldemor gifter seg : ei heilt vill bryllaupsbok

Anna Endra

  • 1976Sommaren te Ingjeberr : bygdaprosa – forteljingar
  • 1981Kjære kyrkjefolk : kåseri i hytt og vêr – kåseri
  • 1982Nakne, utan klede : ni forteljingar – forteljingar
  • 1983Frå oppvaskkummen – kåseri, med teikningar av Oddvar Torsheim
  • 1988Nå skine det øve! : stubbar og folkalivsskildringar ifrå bygdamiljø, illustrert av Bård E. Valberg
  • 1991Minnenes melodi : ei bygdehore fortel

Dramatikk Endra

Prisar Endra

Kjelder Endra

Bakgrunnsstoff Endra