Opna hovudmenyen

Per Olav Kaldestad (fødd 26. juni 1947)[1] er ein norsk forfattar og organisasjonsmann.

Per Olav Kaldestad
Nasjonalitet Norsk
Fødd 26. juni 1947 (72 år)
Husnes
Yrke Forfattar, lærar
Periode 1973-
Born Roald Kaldestad
Debut Kikkert

Han er utdanna cand.philol. med hovudfag i engelsk, mellomfag i norsk og grunnfag i allmenn litteraturvitskap, og arbeidde som norsklærar på Stord lærarhøgskule fram til 1997. Han er no forfattar på heiltid, og er best kjend for barnebøkene sine. Kaldestad var også medredaktør av tidsskrifta Profil (1974–1975) og Basar (1979–1981). Tekstane hans spenner elles frå gammalengelske sonettar til ramsalt vestlandsk ferjekrim.

Per Olav Kaldestad har òg vore leiar av organisasjonen Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere, og han har arbeidd for å fremje kunnskapen om norske barnebøker, mellom anna som medredaktør for Årboka for barne- og ungdomslitteratur, og som ei av eldsjelene bak biletboknettverket Ord & Bilde, saman med bibliotekar Bente Bing Kleiva.

Per Olav Kaldestad bur på Stord i Hordaland.

BibliografiEndra

  • 1973 – Kikkert (Dikt)
  • 1975 – Det er framleis sol (Dikt).
  • 1977 – I skuggeland (Dikt)
  • 1978 – Det er kaldt her (Ungdomsbok)
  • 1979 – Ein må ha vinter i sinnet (Dikt)
  • 1981 – O. Lokaliseringer (Roman)
  • 1981 – Litt av ein kniv (Barnebok)
  • 1983 – Når du held om ein draum (Salmar/songar/viser)
  • 1987 – Glade bodskapar (Essay)
  • 1988 – Kjærlege posisjonar (Dikt)
  • 1990 – Naken er fjorden (Roman)
  • 1990 – Sola klappar meg (Barnedikt)
  • 1991 – Så lenge svalene flyg (Dramatikk, medforfattar)
  • 1992 – Langs kvar ein veg. Reisebok frå USA (Sakprosa, medforfattar)
  • 1992 – Aasmund Frægdegjæva (Dramatikk)
  • 1993 – Oktober (Dikt)
  • 1994 – Liksom for fyrste gong (Ungdomsbok)
  • 1995 – Ratatosk (Dramatikk)
  • 1995 – Vegen til Navan (Sakprosa, medforfattar)
  • 1996 – Eg høyrer, det seiest (Dikt)
  • 1996 – Den nye lyrikken (Debattbok)
  • 1997 – Waterloo (Sakprosa, medforfattar)
  • 1998 – Denne jorda eg bur på (Barnedikt)
  • 2003 – Finske dagar og netter (Sakprosa, medforfattar)
  • 2004 – Når morgonfrosken syng (Barnedikt)
  • 2005 – Svart puls (Dikt)
  • 2005 – Dropar på strå (Dikt)
  • 2006 – En løvetanndrøm (Barnebok, medforfattar)
  • 2010 – Med kråkenebb og kråkeføter (Barnedikt)

GjendiktingarEndra

PrisarEndra

ReferansarEndra

  1. ««Per Olav Kaldestad»». forfatterkatalogen.no. Henta 19. april 2012. 

BakgrunnsstoffEndra

KjeldeEndra