Inhabilitet (av nektande -in og habil) eller ugildskap (det motsette av uhilda) er det å ha personlege interesser i ei sak som skal handsamast slik at ein etter vanleg skikk ikkje kan delta i handsaminga men må gå frå vervet, posisjonen eller stillinga mellombels, eller i alle fall gi avkall på å utføre handlingar som kan påverke utfallet av handsaminga.

Inhabilitet som eit juridisk omgrep betyr at ein dommar eller forvaltningsperson ut frå sitt tilhøve til saka eller partane i saka ikkje kan delta i handsaminga av den. For ein dommar blir då saka overført til ein annan dommar ved same domstol, eller til ein annan domstol, eller det kan bli oppnemnt ein settedommar i staden. Tilsvarande gjeld for offentlege tenestepersonar: Saka blir overlatt til ein annan tenesteperson eller blir overført til nokon annan til handsaming. For folkevalde vil varamedlem møte i staden.

Her er også reglar om inhabilitet i selskap. Aksjelova seier at styremedlem eller administrerande direktør ikkje har høve til å delta i handsaminga av noko spørsmål der vedkomande har framtredande personlege eller økonomiske interesser.

Ein generell regel er at ein er inhabil dersom det ligg føre spesielle forhold som er egna til å svekke tillita til vedkommende sin upartiskheit. For testamentsvitna er det likevel ingen skjønnsmessige reglar for habilitet. Dette er grunna i dei krav ein må stille til testamentvitne, at verken dei sjølve eller nokon som står dei nær skal ha noko nytte av testasjonen. For ektepakter er det ingen habilitetskrav til vitna.

Lovbestemmelsar om inhabilitet endre

Sjå også endre