Intendantur er militære avdelingar som ordnar med forpleiing, klede, visse former for utrusting, drivstoff, brensel og kvarter- og kontormateriell. Organa har òg ansvar for rekneskap. Intendanturet er ofte ei eiga våpengrein.

Intendanturen er ein militær institusjon som skal sørgja for alt utstyr og materiell bortsett frå våpen, òg mat til soldatane. Intendenturförrådet på Skeppsholmen i Stockholm vart bygd som statleg kornkammer i 1732, men vart lager for den svenske hæren 1795. Bygningen vart freda 1935.

I Noreg har kvar av dei tre forsvarsgreinene Hæren, Sjøforsvaret og Luftforsvaret sin intendantur.[1] På 1700-talet hadde kommissariatvesenet ansvar for forpleiing av soldatar i felt. I 1825 vart ansvarsområda samla ved at det vart oppretta eitt embete som arméintendant og éi stilling som depotforvaltar for å styra lagera til hæren.[2] I dag er Hærens intendantur (HI) ein del av logistikkvåpenet.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre