Intention av Intelligent Music Project

«Intention»
Song av Intelligent Music Project

Land Bulgaria
Språk Engelsk
Utgjeve 6. desember 2021
Sjanger Rock
Lengd 02:58
Selskap Eige forlag
Komponist Milen Vrabevski
Låtskrivar(ar) Milen Vrabevski

«Intention» (norsk 'intensjon') er ein rockelåt frå 2021 med det bulgarske musikkensemblet Intelligent Music Project. Låten er skriven og produsert av Milen Vrabevski og var det bulgarske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

Om songen

endre

«Intention» er ein klassisk rockelåt som er skriven av den bulgarske musikaren Milen Vrabevski.[1] Songen vert framført bandet Intelligent Music Project. Ifølgje bandet handlar songen om livets utfordringar, blant anna ei traumatisk ungdomstid. I songen avfinn hovudpersonen seg med den vanskelege oppveksten sin, og får etter kvart ei kjensle av styrke etter å ha vunne over så mykje motgang. Slutten av songen er meir positiv og handlar om intensjonens kraft ved å sleppe fortida og heller sjå framover.[1]

Den bulgarske ålmennkringkasteren BNT valde låten internt til å representere Bulgaria i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. Kunngjeringa vart kjend 25. november 2021,[2] og låten vart sloppen for strøyming og nedlasting 6. desember same år.[3][4] I Eurovision Song Contest enda «Intention» nest sist i den fyrste semifinalen, og var dimed ikkje kvalifisert til finalen.[5]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «"I'm never in the safety zone" – Intelligent Music Project's "Intention" talks about the struggles of getting through life». wiwibloggs (på engelsk). 4. januar 2022. Henta 5. mars 2022. 
  2. «Intelligent Music Project will represent Bulgaria in Eurovision 2022 with the song "Intention"». ESCXTRA.com (på engelsk). 25. november 2021. Henta 5. mars 2022. 
  3. «Intention by Intelligent Music Project» (på engelsk). 6. desember 2021. Henta 5. mars 2022. 
  4. «First 2022 entry: Intelligent Music Project - Intention 🇧🇬». Eurovision.tv (på engelsk). 5. desember 2021. Henta 5. mars 2022. 
  5. «Intelligent Music Project - Bulgaria - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022.