Interiør (frå latin interior, indre via fransk) er ei nemning for det innvendige i eit hus eller anna type bygning, og viser vanlegvis til korleis det innvendige i huset eller bygningen er utforma, innretta, fargesett og så bortetter. Det motsette av interiør er eksteriør.

'Rom i eit nederlandsk hus' måla mellom 1668 og 1672 av Pieter Janssens Elinga.

I kunst kan «interiør» visa til verk som skildrar det indre livet i ein heim, til dømes i form av bilete med interiørmotiv eller romanar som tek for seg dei indre tilhøva i eit hushald.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

«interiør» i Store norske leksikon, snl.no.