Internasjonalt ljos

Internasjonalt ljos er ei forelda eining for lysstyrke, brukt i engelsk- og fransktalande land frå 1909 til 1948 då han vart avløyst av SI-eininga candela. Definisjonane av dei to einingane byggjer på ljos med ulikt spektral samansetnad. Det kan difor ikkje angjevast nokre eksakt omrekningsfaktor, men vanlegvis reknar ein at eit internasjonalt ljos svarar til ca. 1,02 candelaer. Internasjonalt ljos var definert ved lysstyrken frå standardiserte elektriske glødelampar, og erstatta tidlegare nasjonale einingar som var definert ved flammar frå ljos eller oljelampar, og som hadde det til felles at dei omtrent tilsvarte lysstyrken frå eit stearinlys (engelsk candle).

Kjelder

endre