International Cognitive Linguistics Association
International Cognitive Linguistics Association (ICLA), som er den internasjonale sambandet for kognitiv lingvistikk, blei skipa i 1990. Planane om å skipe ICLA blei lagde fram på eit symposium i Duisburg våren 1989, organisert av René Dirven. På dette symposiet blei det òg teke initiativ til å starte tidsskriftet Cognitive Linguistics og monografserien Cognitive Linguistics Research (CLR). I ettertid har Duisburg-symposiet blitt kalla First International Cognitive Linguistics Conference, og seinare har ein International Cognitive Linguistivs Conference (ICLC) blitt halden annakvart år.
Presidentar i ICLA
endreDette er presidentane i ICLA frå og med skipinga i 1990:
- 1990–1993 George Lakoff
- 1993–1995 Eve Sweetser
- 1995–1997 René Dirven
- 1997–1999 Ronald W. Langacker
- 1999–2001 Dirk Geeraerts
- 2001–2003 Suzanne Kemmer
- 2003–2005 Suzanne Kemmer (attvald)
- 2005–2007 Klaus-Uwe Panther
- 2007–2009 Laura Janda