ISO
(Omdirigert frå International Organization for Standardization)
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå ISO (fleirtyding).
International Organization for Standardization (ISO, Den internasjonale standardiseringsorganisasjonen) er ein internasjonal standardiseringsorganisasjon som handhevar og gjev ut standardar på ei rekke område, særleg innan handel og industri.
ISO | |||
| |||
Skipa | 23. februar 1947 | ||
---|---|---|---|
Dotterselskap | ISO/IEC JTC 1 | ||
Hovudkontor | Genève[1] | ||
Nettstad | https://www.iso.org/ (engelsk),[2] https://www.iso.org/fr/ (fransk), https://www.iso.org/ru/ (russisk) |
Organisasjon vart til den 23. februar 1947. Ved grunnlegginga vart det inngått ein avtale om at namnet skal forkortast likt på alle språk: ISO, etter det greske ordet isos, 'lik'.
Den norske medlemsorganisasjonen i ISO er Standard Norge.
Døme på ISO standardar
endre- ISO 4217 – Kodar for valutaeiningar.
- ISO 16 – Standard stemmefrekvens (kammertonen)
- ISO 3166-2 – Underinndeling av land.
- ISO 3382 – Måling av etterklangstid og andre akustiske parametrar.
- ISO 9000 – Kvalitetsstyring
- ISO 9660 – Filsystem for CD-ROM
- ISO/IEC 10646 – Universal Multiple-Octet Coded Character Set (UCS)
- ISO 14772 – Virtual Reality Modeling Language, eit filformat for å skildre tredimensjonal grafikk.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ https://www.iso.org/about-us.html; vitjingsdato: 26. januar 2022.
- ↑ https://www.facebook.com/isostandards/about/?ref=page_internal; vitjingsdato: 26. januar 2022.