International Ornithologists' Union
(Omdirigert frå International Ornithological Congress)
International Ornithologists' Union (IOU) er ein ornitologisk samskipnad. Samskipnaden var tidlegare kjent som International Ornithological Congress, IOC.
IOC har vore ansvarleg for den største og lengst varige serien av internasjonale møte for ornitologar. Det første møtet vart halde i 1884, seinare møter har vore haldne uregelmessig fram til 1926. Etter det, kvart fjerde år, med unntak av to under og rett etter andre verdskrigen. Det siste møtet gjekk i Campos do Jordão, Brasil i 2010. WorldBirdNames.org gjev ut IOC World Bird List på vegne av International Ornithologists' Union.