International Society for Human Rights

International Society for Human Rights (ISHR) (engelsk; tysk Internationale Gesellschaft für Menschenrechte (IGFM)) er ein internasjonal menneskerettsorganisasjon med konsultativ status i Europarådet. Han har sete i Frankfurt am Main.

International Society for Human Rights
Skipa1972
HovudkontorFrankfurt am Main i Tyskland
presidentThomas Schirrmacher
Medlemmer32500
Nettstadishr.org

Organisasjonen vart grunnlagd i Vest-Tyskland i 1972 som Gesellschaft für Menschenrechte (GFM) med formålet å fremma internasjonal forståing og toleranse innan alle aspekt ved kultur og samfunn. I 1982 endra organisasjonen namn til det noverande, i samband med at det vart grunnlagt avdelingar i Austerrike, Sveits, Storbritannia og Frankrike. Organisasjonen er i dag aktiv i 35 land.

International Society for Human Rights/Internationale Gesellschaft für Menschenrechte har særleg lagt vekt på menneskerettsbrot i austblokklanda i Europa, særleg under den kalde krigen, og overvaka religionsfridom i land som Vietnam og Kina.

Organisasjonen gjev ut tidsskrifta Human Rights Worldwide (engelsk) og MenschenRechte (tysk).

KjelderEndra

LitteraturEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: International Society for Human Rights