Interplanetarisk stoff
Interplanetarisk stoff er gass og støv i rommet mellom planetane. Den interplanetariske gassen består av nøytralt og ionisert hydrogen med tilsetning av andre atomære partiklar, som er utstøytt frå sola. Mesteparten av det interplanetariske støvet stammar truleg frå heilt eller delvis oppløyste kometar. I den vidaste tydinga omfattar den interplanetariske materien òg meteoroidar og kometar.
Kjelder
endre- «Interplanetarisk stoff», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014