«Into the Fire»
Singel av Stage Dolls
Land Noreg
Språk Engelsk
Utgjeve 2. februar 2016
Lengd 2:58
Låtskrivar(ar) Torstein Flakne, Anne Judith Wik, Mark Spiro og Hallgeir Rustan
Kritikk

«Into the Fire» er ein song av Stage Dolls, gjeven ut 2. februar 2016.[3] Songen er skriven av Torstein Flakne, Anne Judith Wik, Mark Spiro og Hallgeir Rustan.[2]

«Into the Fire» vart presentert som eit av bidraga i Melodi Grand Prix 2016, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm i Sverige, på ein pressekonferanse hjå Norsk rikskringkasting 19. januar 2016.[4] På pressekonferansen vart det òg kjend at Tommy Nilsen, Ronny Nilsen, Arne Kolsrud Overen og Sjur Andreas Lundstein, under namnet Stage Dolls, ville framføre songen, på engelsk.[4] Samstundes vart 15 sekundar av songen offentliggjort på NRK.no.[4] 2. februar 2016 vart songen gjeven ut i full lengd.[3]

Fotnotar endre

  1. «- Hadde låta vært et virus, ville WHO umiddelbart slått alarm». Dagbladet. 2. februar 2016. Henta 3. februar 2016. 
  2. 2,0 2,1 «VG anmelder Melodi Grand Prix-låtene». Verdens Gang. 2. februar 2016. Henta 3. februar 2016. 
  3. 3,0 3,1 «Nå kan du høre alle MGP-låtene». Norsk rikskringkasting. 2. februar 2016. Henta 3. februar 2016. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Her er alle artistene i årets MGP». Norsk rikskringkasting. 19. januar 2016. Henta 3. februar 2016.