Intoleranse er eit ord av latinsk opphav som viser til det å ikkje tola noko. Det kan brukast i ulike samanhengar, men for seg sjølv viser det gjerne til at ein person eller ei gruppe ikkje «toler» visse andre personar, levemåtar eller livssyn. Intoleranse kan føra til alt frå ei avvisande haldning frå ein enkeltperson, til trakassering og undertrykking frå majoriteten i eit samfunn.

Intoleranse kan vera eit produkt av ein samfunnsmessig struktur bygd opp etter eit slags kollektivistisk prinsipp, der «me» får eit samhald gjennom å definera vekk «dei andre», men kan også vera personleg og psykisk betinga.

Intolerante samfunn kan vera sterkt regelstyrte, etter forordningar bestemt av den herskande politiske leiinga. Klassiske døme på intolerante samfunn er nazismen1930- og 1940-talet og det engelske protektoratet 1653–1659.

Det motsette av sosial intoleranse er toleranse eller liberalitet (frisinn og fordomsløyse).

Andre tydingar endre

Ordet kan og visa til kroppsleg intoleranse mot ulike stoff, kjend som allergi, eller mekanisk intoleranse, der eit avvik frå ein gjeven storleik som mekanismen er intolerant mot vil føra til mekanisk samanbrot.