Salmane

nittende og største bok i Bibelen, omfatter 150 kapitler, delt inn i fem bøker: Bok I: 1 på 41; Bok II: 42 på 72; Bok III: 73 på 89; Bok IV: 90 på 106; Bok V: 107 på 150

Salmane, òg kalla Davidssalmane, er ei av visdomsbøkene i Bibelen. Boka inneheld poetiske tekstar og er den lengste boka i Bibelen. Mange av tekstane er retta til Gud.[1]

Salme 1 skriven på hebraisk - nynorsk Sæl er den mann som ikkje gjeng i raad med ugudelege og ikkje stend paa veg med syndarar og ikkje sit i sæte med spottarar, men som hev si lyst i Herrens lov og grundar paa hans lov dag og natt.
Salme 1 i Sankt Florian-psalteret frå 1300- eller 1400-talet.

Boka omfatter i alt 150 salmar i ulike sjangrar.[1] Nokre salmar er vekselsongar som har vore bruka i tidlege jødiske gudstenesteritual (til dømes salme 15 og 24), andre er skrivne for kongevigsling (t.d. salme 2 og 110). Salme 1 og salme 119 er læresalmar, medan dei fleste andre som ber preg av å vere bøner, profeti, fyndord og lovprisingsvers. Dei er knytte til vidt forskjellige tidsperiodar; nokre omtaler hendigar etter bortføringa til Babylon. Tekstene skal ha vore skrivne av Moses, David (vel sytti salmar er Davidssalmar), Salomo (12 salmar), Asaf og fleire andre, ikkje alle er namngjevne. Fleire av tekstane har overskrifter, og i nokre er det ført opp musikalske uttrykk som vi ikkje sikkert kan tyde i dag.

Namn endre

Det hebraiske namnet på Salmane er Tehillím (hebraisk skrift תְּהִלִּים [təhil'līm]) eller sefer tehillim, 'lovprisingsboka'. Det greske er Psalmoi (Ψαλμοί [psal'moj]). Dette er avleidd av psalmos, 'lovsong', frå psallein, 'å syngja til harpeakkompagnement'. Bokmålsnamnet er Salmenes bok. Ein har også omtalt samlinga som Psalteren, etter psalterion, eit strengeinstrument.[1]

Inndeling endre

 
Måleri i Yohanan ben Zakkai-synagogen i Jerusalem med tekst frå to salmar i Salmane.

Tradisjonelt vert Salmane delte inn i fem delar: Første bok, kap. 1-41, Andre bok, kap. 42-72, Tredje bok, kap. 73-89, Fjerde bok, kap 90-106, og Femte bok, kap. 107-150. Kvar av desse bolkane sluttar med eit lovprisningsord. Heile salme 150 er ei lovprising som avsluttar heile salmesamlinga.

Tekstane er eit godt eksempel på den semittiske poesien frå oldtida. Dei inneheld opptakingar og parallellstrofar, som er typisk for litteraturen. Dei tek opp mange av dei religiøse tankane som resten av Den hebraiske bibelen held fram. Dei gjev uttrykk for både lovprising, sorg, bøn og andre kjensler. Nokre av salmane er akrostiske; det vi seie at dei er inndelte i avsnitt som begynner på forskjellige bokstavar i det hebraiske alfabetet.

Salmane har alltid vore sentrale i den jødiske gudsdyrkinga. Dei blir òg rekna som sentrale skrift i kristendommen. Dei bibelske salmane har vore førebilete for den kristne salmediktinga. Vi finn mange av orda att i salmeboka, til dømes desse linene frå den 127. salmen som vi finn att i fedrelandssalmen til Blix:

Dersom Herren ikkje byggjer huset
arbeider dei faafengt som byggjer på det.

Overlevering endre

Den eldste tilnærma fullstendige utgåva av den hebraiske teksten er handskriftet Codex Leningradensis frå 1008. Dette blir nytta i dei fleste moderne bibelutgåver, både kristne og jødiske. Det finst òg eldre hebraiske handskrift som Codex Aleppo frå 900-talet og kring tretti Daudehavstekstar, men desse er ikkje fullstendige.[1]

Salmane blei saman med heile den hebraiske bibelen omsett til gresk i ein jødisk kontekst frå 200-talet f.Kr. til det første hundreåret. Desse omsetjingane blei kalla Septuaginta. Talet på handskrifter av Salmane er høgt samanlikna med andre bibelske bøker.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Eidsvåg, Gunnar Magnus (31. oktober 2019). «Salmenes bok». Store norske leksikon (på norsk bokmål).