Inuit Circumpolar Council
Inuit Circumpolar Council (ICC), tidlegare Inuit Circumpolar Conference, er ein internasjonal ikkje-statleg organisasjon som representerer ca. 160 000 inuittar, tsjuktsjarar og yupikfolk frå dei arktiske områda i Grønland, Canada, Alaska (USA) og Tsjukotka (Russland).
ICC har som målsetjing å styrka samhaldet mellom dei arktiske folka, å kjempa for rettane og interessene deira i internasjonale samanhengar, å styrka kulturen, å oppnå full aktiv deltaking i den politiske, økonomiske og sosiale utviklinga i dei respektive heimlanda, å utvikla og kjempa for politiske initiativ til å verna det arktiske miljøet, og dessutan å kjempa for anerkjenninga av rettar for alle urfolk.
I Grønland har ICC kontor i hovudstaden Nuuk.
I 1996 blei ICC tildelt Nordisk råds natur- og miljøpris.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Inuit Circumpolar Conference» frå Wikipedia på bokmål, den 19. september 2022.