Iram Haq
Iram Haq (fødd 1. januar 1976) er ein norsk skodespelar, filmregissør og songar. Ho har gjort seg merka som filmskapar, både med kortfilmar og spelefilmar, og har vunne Amandaprisen to gongar og Kanonprisen tre gongar for filmane sine. Haq har utdaning som art director frå Westerdals reklameskole.
Iram Haq | |||
Fødd | 1. januar 1976 (48 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Verka som | skodespelar, filmregissør, manusforfattar, songar, modell | ||
Prisar | Kanonprisen for beste manus, Kanonprisen for beste regi, Kanonprisen for beste manus, Amandaprisen for beste regi, Amandaprisen for beste filmmanus |
Bakgrunn
endreHaq vaks opp på Stovner. Foreldra hennar var arbeidsinnvandrarar frå Pakistan, og Haq hevdar at ønskjet deira om å skjerme henne frå norsk kultur kom av at dei ikkje «hadde tid til å integrere seg, de måtte jobbe og sikre sin fremtid for barna. Du skal ha overskudd og mot til å klare å integrere deg.»[1]
Skuespiller
endreHaq spela hovudrolla som Jasmin, med Bjørnar Teigen som motspelar, i filmen Import-eksport. Haq hadde også rolla som Fatima Silmandar i humorserien Borettslaget, som sjukepleiar i dramaserien Berlinerpoplene og som eit av drapsofra i Varg Veum-filmen Falne engler.
Filmskapar
endreKortfilmar
endreHaq har laga fleire kortfilmar. Den første filmen hennar heitte Trofast. Utan filmerfaring skreiv Haq manus, var skodespelar, regiassistent og kostymeansvarleg. Filmen vart plukka ut til filmfestivalen i Venezia som einaste norske bidrag i 2004.[1] Haq debuterte som regissør med kortfilmen Skylappjenta, der ho spela hovudrolla og skreiv manuset sjølv. Skylappjenta er ein ny versjon av Raudhette, med tokulturell problematikk. Filmen har vunne fleire norske prisar og den internasjonale Ellen Award på festivalen Aspen Shortfest, og var plukka ut til Sundance filmfestival i 2010.
Spelefilmar
endreHaq debuterte som spelefilmregissør med filmen Jeg er din, som hadde premiere 18. august 2013. Denne filmen hadde ho også sjølv skrive manus til.[2] For filmen vann hun Kanonprisen 2013 i klassen beste manus.[3]
Den andre spelefilmen hennar Hva vil folk si hadde noregspremiere 6. oktober 2017.[4] For denne filmen vann ho prisane for beste regi og beste filmmanus under både Amandaprisen 2018 og Kanonprisen 2017.[5] Filmen vann dessutan Amanda-klassene beste norske kinofilm og beste mannlege skodespelar (Adil Hussain) og var nominert i ytterlegare tre klasser.[6]
Forfattarskap
endreBiletbok
endreHaq gav også ut Skylappjenta som biletbok på Cappelen Damm forlag, med illustrasjonar av Endre Skandfer. Boka var nominert til Kulturdepartementets debutantpris, og vart også nominert til UPrisen 2010.[7]
Roman
endreDen fyrste romanen til Haq, Uelsket, vart gjeven ut 2021.[8]
Priser og nominasjoner
endre- Nominert til Kulturdepartementets debutantpris 2010 for Skylappjenta
- Nominert til UPrisen 2010 for Skylappjenta
- Kanonprisen 2013 i klassen beste manus for Jeg er din
- Nominert til Kanonprisen 2013 i klassen beste regi for Jeg er din[9]
- Nominert til Amandaprisen 2014 i klassen beste filmmanus for Jeg er din[10]
- Kanonprisen 2017 i klassen beste regi for Hva vil folk si
- Kanonprisen 2017 i klassen beste manus for Hva vil folk si
- Amandaprisen 2018 i klassen beste regi for Hva vil folk si
- Amandaprisen 2018 i klassen beste filmmanus for Hva vil folk si
- Filmkritikerprisen 2018 for Hva vil folk si
- Edith Carlmar-prisen 2018
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Ane Nydal (22. juli 2016). «Iram helt på ekte». Dagsavisen. Henta 5. mars 2019.
- ↑ «Jeg er din». Filmweb. Henta 5. mars 2019.
- ↑ «Kanonprisen: Småfilmenes triumf». p3.no. 29. april 2014. Henta 2. april 2021.
- ↑ «Hva vil folk si - 2017». Filmweb.no. Henta 5. mars 2019.
- ↑ «Stakk av med hele fire priser på kvinnedagen: - Kul måte å feire på». dagbladet.no. 9. mars 2018. Henta 4. april 2021.
- ↑ Rano Tahseen; Kristian Aaser (18. august 2018). «Dette er årets Amanda-vinnere 2018». VG. Henta 25. august 2018.
- ↑ «Skylappjenta». Uprisen. Henta 2. mars 2019. «Skylappjenta er en illustrert bok om oppvekst, pubertet og frigjøring. Den er basert på eventyret om Rødhette, samtidig som den er dagsaktuell. Boken sjonglerer mellom eventyr og virkelighet. Skylappjenta har aldri vært utenfor hjemmet, og må nå vandre gjennom skogen til sin syke bestemor. På veien møter hun Normann som hun forelsker seg i og onkelen som vil ta henne til Pakistan og gifte henne bort.»
- ↑ «God og velskrevet». 21. september 2021. Henta 9. mai 2022.
- ↑ «De nominerte til årets Kanonpris». rushprint.no. 17. mars 2014. Henta 2. april 2021.
- ↑ «Dette er de Amanda-nominerte». nrk.no. 18. juni 2014. Henta 2. april 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Iram Haq» frå Wikipedia på bokmål, den 9. mars 2023.