Irina Poltoratskaja
Irina Igorevna Poltoratskaja (fødd 12. mars 1979) er ein russisk tidlegare handballspelar frå Antratsyt i Luhansk oblast. Ho vart verdsmeister med Russland i Handball-VM 2001, Handball-VM 2005 og Handball-VM 2007 og vann elles EM-sølv 2006, OL-sølv 2008 og EM-bronse 2008. Under Handball-VM 2001 kom ho med på All-star-team som midtre rykkromspelar.
Irina Poltoratskaja | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 12. mars 1979 (45 år) Antratsyt |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 2008 |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse |
Poltoratskaja vann Meisterligaen 2005 med danske Slagelse og 2008 med Zvezda Zvenograd.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Irina Poltoratskaïa» frå Wikipedia på fransk, den 5. desember 2017.
Denne idrettsartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.