Irma Ingertha Gram

norsk historikar

Irma Ingertha Gram (21. desember 187322. november 1945) var ein norsk kulturhistorikar, forfattar og slektsforskar.

Irma Ingertha Gram
Fødd 21. desember 1873
Oslo
Død

22. november 1945 (71 år)
Oslo

Yrke kunsthistorikar, skribent, genealog
Ektefelle Harald Mathias Gram
Born Per Gram

FamilieEndra

Irma Ingertha Gram var dotter av Thomas Andreas Schram (1835–1890) og Mathilde Just (1850–1901). Ho var syster av forretningsmannen Jacob Schram og legen Thomas Schram, og dermed svigerinne av forfattaren og enomsetjar Constance Wiel Schram (1890-1955). Ho vart gift i Kristiania den 13. september 1907 med legen og embetsmannen Harald Mathias «Mads» Gram (1875-1929) frå slekta Gram.[1] Han var son av Jens Gram og dotterson av historikaren P.A. Munch. Ho var mor til advokat Peder «Per» Gram, som vart gift med alpinisten Johanne «Hannemor» Dybwad (1918-2011), sønedotter av skodespelaren Johanne Dybwad (1867–1950) og forleggjaren Vilhelm Dybwad (1863–1950).

Liv og virkeEndra

Irma Ingertha Gram var i perioden 1903-1907 tilsett som assistent ved Norsk Folkemuseum. Frå 1921 var ho styremedlem i Kristiania Læseforening for Kvinder.[2]

Forfattarskapen hennar gjekk for det føre seg 1920-åra, då ho skreiv fleire kulturhistoriske bøker og biografiar.

BibliografiEndra

  • 1921: De gamle kniplingers historie, Aschehoug
  • 1924: Dronning Christina av Sverige, Aschehoug
  • 1925: Frants den første og hans hof, Aschehoug
  • 1927: Catharina av Medici, Aschehoug
  • 1929: Litt om skikk og bruk før og nu, Aschehoug
  • 1931: Paris for første gang, Aschehoug
  • 1945: Slektsminner – den norske gren av familien Schram, trykket i 1979

KjelderEndra

  1. Norsk biografisk leksikon. Oslo: Aschehoug. 1929. s. 546. 
  2. Hvem er hvem?. Kunnskapsforl. 1934. s. 167.