Kulturhistorie
Kulturhistorie er vitskapen om utviklinga av kulturen og undersøkingar om korleis menneske opplevde og organiserte verda i fortida.
Emne som kulturhistorikarar undersøkjer kan vere både daglegdagse forhold, kunst, arkitektur, religiøse og andre åndelege forhold og immateriell kultur. Innan faget folkloristikken ser ein på folklore, folketru og festar og ritual.
I dag vert termen kulturhistorie (ved norske universitet) også brukt som ei samlenemning for dei tidlegare faga folkloristikk (folkeminneforsking) og etnologi.