Isabel Allende (fødd 2. august 1942) er ein chilensk forfattar. Ho vart fødd i Lima i Peru som dotter av diplomaten Tomás Allende, som var fetter av den seinare presidenten i Chile, Salvador Allende. I 1945 vart foreldra hennar separerte, og mora flytta til Chile med dei tre ungane sine, der dei budde til 1953.

Isabel Allende

Statsborgarskap USA, Chile
Fødd 2. august 1942 (81 år)
Lima
Yrke stemmeskodespelar, manusforfattar, barnebokforfattar, romanforfattar, skribent
Politisk parti Det demokratiske partiet i USA
Sjanger roman, kortroman
Medlem av American Academy of Arts and Letters
Ektefelle Miguel Frías, Willie Gordon
Born Paula Frías Allende, Nicolás Frías Allende
Isabel Allende på Commons

Seinare flytta familien til Bolivia, og deretter til Libanon. I Bolivia gjekk Allende på ein amerikansk privatskule, og i Libanon på ein britisk privatskule i Beirut. Ho returnerte til Chile i 1958 for å gjere ferdig gymnasiet, og møtte der den framtidige ektemannen sin, Miguel Frías, som ho gifta seg med i 1962.

Frå 1959 til 1965 arbeidde Allende ved FN sin mat- og landbruksorganisasjon i Santiago, seinare i Brussel i Belgia og andre stader i Europa. Dottera hennar, Paula vart fødd i 1963. I 1966 returnerte Allende til Chile, og sonen hennar, Nicolás vart fødd der same år.

Ho høyrde til redaksjonen i magasinet «Paula» frå 1967, og frå 1973 til 1974 barnemagasinet «Mampato». Ho publiserte to barnehistorier, La abuela Panchita og Lauchas y Lauchones, samt ei artikkelsamling som vart kalla Civilice a su troglodita. Ho arbeidde òg i chilensk fjernsynsproduksjon for kanalane 7 og 13.

I 1973 hadde skodespelet til Allende, El embajador premiere i Santiago. Same år (11. september) vart onkelen hennar styrta og drepen i eit valdeleg kupp leia av Augusto Pinochet. I 1975 drog Allende i eksil i Venezuela. Der arbeidde ho for avisa «El Nacional» i Caracas og som gymnaslærar.

I 1981 vart ho kjend med at bestefar hennar, som var 99 år gammal, låg på dødsleiet sitt. Ho byrja å skrive eit brev til han som seinare utvikla seg til romanen La casa de los espíritus (Åndenes hus). Boka var ein enorm suksess og vart filmatisert av Bille August i 1993.

Bibliografi endre

Kjelder endre

  1. Cathrine Krøger. Isabel Allende på sitt aller beste. 10. januar 2020. db.no.