Opna hovudmenyen

Augusto Pinochet (25. november 191510. desember 2006) var ein chilensk general og politikar. Han var president i Chile frå 1973 til 1990, og framleis forsvarssjef i nokre år etter det. Han kom til makta gjennom eit USA-støtta militærkupp mot den folkevalde sosialistiske presidenten Salvador Allende, som døydde under kuppet. Han leidde landet som eit høgreorientert militærdiktatur, som sjef for ein militærjunta. Fleire tusen menneske vart myrda under diktaturet, og enda mange fleire vart torturerte. Ein stor del av folket vart drivne i eksil. Den økonomiske politikken til Pinochet-regimet var marknadsliberalistisk. Frie fagforeiningar var forbodne.

Augusto Pinochet
Pinochet de Civil.jpg
President i Chile
Regjeringstid11. september 197311. mars 1990
Fullt namnAugusto José Ramón Pinochet Ugarte
Partipartiløs
Fødd25. november 1915 i Valparaiso
FødestadValparaíso
Død10. desember 2006
DødsstadSantiago
EktefelleLucía Hiriart Rodríguez
BarnLucía Pinochet, Augusto Pinochet Hiriart
MedlemGovernment Junta of Chile
FøregangarSalvador Allende
EtterfølgjarPatricio Aylwin
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.