Lima er hovudstad og største by i Peru. Byen ligg midt i Peru i nord-sør-retning og ved stillehavskysten, og hadde 9,9 millionar innbyggjarar i 2022.

Lima
by
Våpenskjold
Motto: Hoc signum vere regum est
Land  Peru
Areal 2 672,28 km²
Folketal 9 943 800 (2022)
Grunnlagd 18. januar 1536
Kart
Lima
12°03′36″S 77°02′15″W / 12.06°S 77.0375°W / -12.06; -77.0375
Wikimedia Commons: Lima

Sentrum i Lima vart utnemnt til verdsarvsområde av UNESCO i 1991.

Historie endre

Lima skal, ifølgje historia, ha vorte grunnlagt av Francisco Pizarro 6. januar 1535 og fekk derfor namn etter dei tre vise mennene: Ciudad de los Reyes eller Los Reyes. Nøye rekna synast grunnlegginga å ha skjedd 12 dagar seinare, men plasseringa av byen vart bestemt 6. januar. Det kastillanske namnet på byen vart bruka i starten, men vart så erstatta med namnet «Lima», som somme trur er ei forvansking av namnet på elva Rímac. («Rímac» kjem frå quechua og tyder 'pratsam').[1] I ein periode var begge namna i bruk på kart.

 
San Francisco de Asis, kyrkje og kloster i sentrum av Lima.
Foto: Herwig Reidlinger

Geografi endre

I havet utanfor byen møtest varme og kalde havstraumar. Om vinteren gjev dette eit konstant disig vêr med høg luftfukt og temperaturar ned mot 14-15 grader. Det regnar mesta aldri, men luftfukta kan falle ut av lufta i form av noko som liknar regn («lluvisna» eller «garuba»). Mot slutten av året, når sommaren kjem, klårnar sikta og temperaturen i desember-februar ligg som oftast på 20–25 grader.

Ei segn i Lima seier at dei invaderande spanjolane hadde spurt lokalbefolkninga kor den beste staden å bygge ein by var, og lokalbefolkninga hadde (som hemn) peika ut plassen der byen ligg. Mange ser på klimaet her som det verste i heile Peru; nokre mil sør for Lima er det mykje meir sol. Lima har berre 1284 soltimar i året, 28,6 timar i juli og 179,1 timar i januar eineståande låge verdiar, vurdert ut frå breiddegrad.[2]

Kommunikasjonar endre

Turistattraksjonar endre

Museum endre

Plassar å besøke endre

Callao endre

I hamnebyen Callao ligg både ei stor hamn og flyplassen til Limas.

Andre historiske plassar endre

Folklore endre

Mat endre

  • Chifa blir kalla den peruanske varianten av kinesisk matlaging.

Kjende personar endre

Kjelder endre

  1. «Nota etimológica: El topónimo Lima». Lexis XXIV. (på spansk). 2000. s. 151–162. 
  2. Lima, un clima de desierto litoral (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 29. juni 2010, henta 22. august 2009 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lima