Isabell Herlovsen

norsk fotballspelar

Isabell Lehn Herlovsen (fødd 23. juni 1988) er ein norsk fotballspelar som har over hundre landskampar og som er mestskårande på det norske landslaget.[1] Ho vann EM-sølv i 2005.

Isabell Herlovsen
Isabell Herlovsen i oktober 2007
Personleg informasjon
Fullt namn Isabell Lehn Herlovsen
Fødselsdato 23. juni 1988 (35 år)
Fødestad Mönchengladbach i Vest-Tyskland
Høgd 1,70 m
Posisjon Angrep
Klubbinformasjon
Noverande lag
Våleranga
Nummer 9
Ungdomsklubbar
2000–2004 Kolbotn
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2004–2009 Kolbotn 95 (48)
2009–2010 Olympique Lyon 13 (3)
2011–2017 LSK Kvinner 108 (100)
2017 Jiangsu Suning
2018– Vålerenga 19 (6)
2019Kolbotn (lån) 17 (8)
2020– Vålerenga
Landslag
2005– Noreg 133 (67)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 28. april 2020
‡ Landslagsmål oppdatert 8. oktober 2019

Herlovsen er dotter av den norske tidlegare landslagsspelaren Kai Erik Herlovsen, og blei fødd i Mönchengladbach i Tyskland då han spelte for Borussia Mönchengladbach.

Aktiv endre

Klubbspel endre

Herlovsen spelte seg til fast plass i Kolbotn-angrepet allereie i 2004, 16 år gammal. Her vart ho seriemeister i 2005 og 2006, samt cupmeister i 2007. Hausten 2006 var ho med då laget tok seg til semifinalane i Meisterligaen.

Hausten 2009 fekk ho kontrakt med franske Olympique Lyon. Ho var innbytar for Lyon i Meisterliga-finalen 2010, ein kamp som enda med tap etter at mellom andre Herlovsen ikkje fekk mål i straffeskytinga som fylgde 120 minuttars spel.

Opphaldet i Frankrike var lite vellukka, og vinteren 2011 melde ho seg inn norske LSK. Med klubben, som held til på Lillestrøm, vart ho seriemeister i 2012, 2014 og 2015. Både i 2014 og 2015 vann LSK også cupfinalen. Herlovsen vart kåra til årets spelar 2014.

I februar 2017 gikk ho til kinesiske Jiangsu FC ladies og vart ifølgje Romerikes Blad den dyraste kvinnelege fotballspelaren i landet.[2] Samtidig tok ho pause frå landslaget. Ifølgje Fredrikstad Blad vart ho matchvinnar i straffesparkkonkurransen som avgjorde cupfinalen mot Chang Chun.[3]

I desember 2017 kom nyhenda om at Isabell hadde signert ein treårskontrakt med Vålerenga Fotball Damer.[4] I 2018 trente ho åleine etter samarbeidsproblem, og vart lånt ut til moderklubben Kolbotn Fotball Kvinner, der ho vart toppskårar for laget i Toppserien 2019.[5][6] Frå 2020 var ho tilbake i Vålerenga.[7]

Landslagsspel endre

Herlovsen debuterte på landslaget som 16-åring. Ho utmerkte seg i fleire kampar då Noreg i juni 2005 spelte seg fram til finalen i EM i fotball 2005. I sjølve finalen kom ho inn som innbytar i andre omgang, få minuttar før Tyskland la på til sluttresultatet 3-1. Også under VM i fotball 2007 og Sommar-OL 2008 fekk ho godt med speletid.

I EM i fotball 2009 tapte Noreg semifinalen 1-3 mot europameister Tyskland, etter at Herlovsen gav Noreg leiinga. Ho deltok i fotball-VM 2011 og 2015, medan skade heldt henne utanfor EM i fotball 2013.

Merittar endre

  • Seriemeister i Noreg: 2005 og 2006 med Kolbotn
  • Noregsmeister: 2007 med Kolbotn
  • Fransk seriemeister: 2010 med Olympique Lyon
  • Seriemeister i Noreg: 2012, 2014 og 2015 med LSK
  • Noregsmeister: 2014 og 2015 med LSK
  • Sølvmedalje i meisterligaen: 2010 med Olympique Lyon

Kjelder endre

  1. Fotballforbund, Norges, «Norge A-kvinner», fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk), henta 15. september 2020 
  2. Herlovsen til kinesisk fotball i «Framtid i Nord» den 9. februar 2017.
  3. Stor cuphelt i Kina i Fredrikstad Blad den 21. juni 2017.
  4. Isabell klar for Vålerenga fra VIFs hjemmesider den 6. desember 2017.
  5. https://www.nrk.no/sport/valerenga-laner-ut-herlovsen-_-reagerer-pa-_feilaktige-og-grove-pastander_-1.14390680
  6. https://www.nrk.no/sport/herlovsen-i-bitter-konflikt-med-vif_-_-foler-de-presser-meg-til-a-legge-opp-1.14339689
  7. Isabell Herlovsen tilbake til Vålerenga: Leger alle sår i VG den 6. januar 2020.