Fotball-EM 2013
Europameisterskapen i fotball 2013 var den 11. europameisterskapen i fotball for kvinner. For tredje gong fann meisterskapen stad i Sverige. Tittelforsvarar Tyskland vart europameister etter siger 1-0 over Noreg den 28. juli 2013 i Solna. Det var sjette gong på rad Tyskland vann EM-finalen.
Meisterskapsturneringa vart arrangert i Sverige i tida 10.-28. juli 2013. Kampane vart avvikla på sju ulike stader; Göteborg, Norrköping, Halmstad, Kalmar, Linköping, Växjö og Solna.
Gruppespelet
endreDei tolv kvalifiserte deltakarlanda var delt i tre grupper à fire lag. Omframt vertslandet Sverige deltok Danmark, England, Finland, Frankrike, Island, Italia, Nederland, Noreg, Russland, Spania og Tyskland. Spania var med i sitt fyrste europameisterskap, elles var dei elleve andre deltakarlanda også med i det forrige EM i 2009. Frå gruppespelet til kvartfinalane gjekk dei to beste laga i gruppene og dei to tredjeplasserte med flest poeng, eventuelt målskilnad.
Gruppe A
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Sverige | 3 | 2 | 1 | 0 | 9–2 | 7 | 7 |
2 | Italia | 3 | 1 | 1 | 1 | 3–4 | −1 | 4 |
3 | Danmark | 3 | 0 | 2 | 1 | 3–4 | −1 | 2 |
4 | Finland | 3 | 0 | 2 | 1 | 1–6 | −5 | 2 |
10. juli 2013 | ||||
Italia | 0–0 | Finland | Örjans Vall, Halmstad Tilskodarar: 3 011 Dommar: Teodora Albon (Romania) | |
Rapport | ||||
10. juli 2013 | ||||
Sverige | 1–1 | Danmark | Gamla Ullevi, Göteborg Tilskodarar: 16 128 Dommar: Bibiana Steinhaus (Tyskland) | |
Fischer 35' | Rapport | Knudsen 26' | ||
13. juli 2013 | ||||
Italia | 2–1 | Danmark | Örjans Vall, Halmstad Tilskodarar: 2 190 Dommar: Esther Staubli (Sveits) | |
Gabbiadini 55' Mauro 60' |
Rapport | Brogaard 66' | ||
13. juli 2013 | ||||
Finland | 0–5 | Sverige | Gamla Ullevi, Göteborg Tilskodarar: 16 414 Dommar: Cristina Dorcioman (Romania) | |
Rapport | Fischer 15', 36' Asllani 38' Schelin 60', 87' | |||
16. juli 2013 | ||||
Sverige | 3–1 | Italia | Örjans Vall, Halmstad Tilskodarar: 7 288 Dommar: Katalin Kulcsár (Ungarn) | |
Manieri 47' (sm.) Schelin 49' Öqvist 57' |
Rapport | Gabbiadini 77' | ||
16. juli 2013 | ||||
Danmark | 1–1 | Finland | Gamla Ullevi, Göteborg Tilskodarar: 8 360 Dommar: Kateryna Monzul (Ukraina) | |
Brogaard 29' | Rapport | Sjölund 87' | ||
Gruppe B
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Noreg | 3 | 2 | 1 | 0 | 3–1 | 2 | 7 |
2 | Tyskland | 3 | 1 | 1 | 1 | 3–1 | 2 | 4 |
3 | Island | 3 | 1 | 1 | 1 | 2–4 | −2 | 4 |
4 | Nederland | 3 | 0 | 1 | 2 | 0–2 | −2 | 1 |
11. juli 2013 | ||||
Noreg | 1–1 | Island | Guldfågeln Arena, Kalmar Tilskodarar: 3 867 Dommar: Katalin Kulcsár (Ungarn) | |
Hegland 26' | Rapport | Viðarsdóttir 87' (str.) | ||
11. juli 2013 | ||||
Tyskland | 0–0 | Nederland | Myresjöhus Arena, Växjö Tilskodarar: 8 861 Dommar: Silvia Spinelli (Italia) | |
Rapport | ||||
14. juli 2013 | ||||
Noreg | 1–0 | Nederland | Guldfågeln Arena, Kalmar Tilskodarar: 4 256 Dommar: Teodora Albon (Romania) | |
Gulbrandsen 54' | Rapport | |||
14. juli 2013 | ||||
Island | 0–3 | Tyskland | Myresjöhus Arena, Växjö Tilskodarar: 4 620 Dommar: Kirsi Heikkinen (Finland) | |
Rapport | Lotzen 24' Okoyino da Mbabi 55', 84' | |||
17. juli 2013 | ||||
Tyskland | 0–1 | Noreg | Guldfågeln Arena, Kalmar Tilskodarar: 10 346 Dommar: Esther Staubli (Sveits) | |
Rapport | Isaksen 45+1' | |||
17. juli 2013 | ||||
Nederland | 0–1 | Island | Myresjöhus Arena, Växjö Tilskodarar: 3 406 Dommar: Cristina Dorcioman (Romania) | |
Rapport | Brynjarsdóttir 30' | |||
Gruppe C
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Frankrike | 3 | 3 | 0 | 0 | 7–1 | 6 | 9 |
2 | Spania | 3 | 1 | 1 | 1 | 4–4 | 0 | 4 |
3 | Russland | 3 | 0 | 2 | 1 | 3–5 | −2 | 2 |
4 | England | 3 | 0 | 1 | 2 | 3–7 | −4 | 1 |
12. juli 2013 | ||||
Frankrike | 3–1 | Russland | Nya Parken, Norrköping Tilskodarar: 2 980 Dommar: Jenny Palmqvist (Sverige) | |
Delie 21', 33' Le Sommer 67' |
Rapport | Morozova 84' | ||
12. juli 2013 | ||||
England | 2–3 | Spania | Linköping Arena, Linköping Tilskodarar: 5 190 Dommar: Kateryna Monzul (Ukraina) | |
Aluko 8' Bassett 89' |
Rapport | Boquete 4' Hermoso 85' Putellas 90+3' | ||
15. juli 2013 | ||||
England | 1–1 | Russland | Linköping Arena, Linköping Tilskodarar: 3 629 Dommar: Bibiana Steinhaus (Tyskland) | |
Duggan 90+2' | Rapport | Korovkina 38' | ||
15. juli 2013 | ||||
Spania | 0–1 | Frankrike | Nya Parken, Norrköping Tilskodarar: 5 068 Dommar: Carina Vitulano (Italia) | |
Rapport | Renard 5' | |||
18. juli 2013 | ||||
Frankrike | 3–0 | England | Linköping Arena, Linköping Tilskodarar: 7 332 Dommar: Kirsi Heikkinen (Finland) | |
Le Sommer 9' Nécib 62' Renard 64' |
Rapport | |||
18. juli 2013 | ||||
Russland | 1–1 | Spania | Nya Parken, Norrköping Tilskodarar: 2 157 Dommar: Jenny Palmqvist (Sverige) | |
Terekhova 44' | Rapport | Boquete 14' | ||
Sluttspelet
endreKvartfinalar
endre21. juli 2013 | ||||
Sverige | 4–0 | Island | Örjans Vall, Halmstad Tilskodarar: 7 468 Dommar: Kirsi Heikkinen (Finland) | |
Hammarström 3' Öqvist 14' Schelin 46', 59' |
Rapport | |||
21. juli 2013 | ||||
Italia | 0–1 | Tyskland | Myresjöhus Arena, Växsjö Tilskodarar: 9 265 Dommar: Katalin Kulcsár (Ungarn | |
Rapport | Laudehr 26' | |||
22. juli 2013 | ||||
Noreg | 3–1 | Spania | Guldfågeln Arena, Kalmar Tilskodarar: 10 435 Dommar: Bibiana Steinhaus (Tyskland) | |
Gulbrandsen 24' Paredes 43' (sm.) Hegerberg 64' |
Rapport | Hermoso 90+3' | ||
22. juli 2013 | ||||
Frankrike | 1–1 (e.e.o) 2–4 (str.) |
Danmark | Arena Linköping, Linköping Tilskodarar: 7 448 Dommar: Carina Vitulano (Italia) | |
Necib 71' (str.) | Rapport | Rasmussen 28' | ||
Semifinalar
endre24. juli 2013 | ||||
Sverige | 0–1 | Tyskland | Gamla Ullevi, Göteborg Tilskodarar: 16 608 Dommar: Esther Staubli (Sveits) | |
Rapport | Marozsan 33' | |||
25. juli 2013 | ||||
Noreg | 1–1 (e.e.o) 4–2 (str.) |
Danmark | Nya Parken, Norrköping Tilskodarar: 9 260 Dommar: Kateryna Monzul (Ukraina) | |
Christensen 3' | Rapport | Gajhede 87' | ||
Finalen
endreFinalen mellom Tyskland og Noreg vart spelt på Friends Arena i Solna 28. juli 2013 framfor 41 301 tilskodarar. Dei fekk sjå Tysklands målvakt Nadine Angerer stoppe eit dårleg plassert straffespark frå Trine Rønning i det 29. minutt. Innbytar Anja Mittag vart matchvinnar for Tyskland i det 49. minutt, ettersom Angerer redda eit nytt norsk straffespark då kampen var ein time gammal, denne gongen eit heller svakt skot frå Solveig Gulbrandsen.
Vinnarlaget frå Tyskland mønstra: Nadine Angerer (kaptein), Leonie Maier, Annike Krahn, Saskia Bartusiak, Jennifer Cramer, Nadine Keßler, Lena Goeßling, Lena Lotzen, Dzsenifer Marozsán, Simone Laudehr, Célia Okoyino da Mbabi. Anja Mittag vart bytta inn frå pausen og Bianca Schmidt i det 77. minutt, høvesvis Lotzen og Laudehr var då ferdigspelte.
Noregs lag bestod av: Ingrid Hjelmseth, Maren Mjelde, Trine Rønning, Marit Fiane Christensen, Toril Akerhaugen, Ingvild Stensland (kaptein), Solveig Gulbrandsen, Cathrine Dekkerhus, Caroline Graham Hansen, Ada Hegerberg og Kristine Hegland. Elise Thorsnes, Ingvild Isaksen og Leni Kaurin tok plass i Noregs mannskap frå det 68., 76., og 85. minutt, ut gjekk etter tur Gulbrandsen, Stensland og Christensen.
Dommar var Cristina Dorcioman frå Romania.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fußball-Europameisterschaft der Frauen 2013» frå Wikipedia på tysk, den 4. juli 2017.
- Denne artikkelen bygger på «UEFA Women's Euro 2013» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2017.