Isaac Abrabanel
(Omdirigert frå Isak Abrabanel)
Isaac ben Juda Abrabanel (1437–1508), også skrive Abravanel og Abarbanel, var ein portugisisk jødisk statsmann, filosof, bibelkommentator og finansmann.
Isaac Abrabanel | |
Statsborgarskap | Kongedømet Portugal |
Fødd | 1437 Lisboa |
Død |
23. september 1508 (70 år) |
Yrke | filosof, forretningsdrivande, lyrikar, teolog, rabbinar, bankier, politikar |
Språk | hebraisk, portugisisk, spansk, italiensk |
Religion | Jødedommen |
Isaac Abrabanel på Commons |
Abrabanel hadde lenge eit embete ved hoffet til kong Alfonso V i Portugal, medan han samtidig arbeidde med statssaker og dreiv teologiske studiar. Då han hamna i unåde hjå etterfølgjaren til kongen, flykta han til Spania, der han vart finansminister hjå Ferdinand II av Aragón.
Då jødane vart fordrivne frå Spania i 1492, reiste han fyrst til Napoli, og flakka seinare omkring.
Mellom dei mange verdifulle skriftene hans kan ein nemne Eksegesar till pentateuken og Daniels bok, kommentarar til Talmúd og Maimonides, og undersøkingar kring kabbalá.
Kjelder
endre- «Juda ben Isaac Abravanel» på Wikipedia på svensk, innhenta 30. desember 2009.