Ischgl er ein kommune i distriktet Landeck i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 103,3 km² og har i underkant av 1600 ibuarar i 2016. Landsbyen Ischgl ligg 1378 meter over havet.

Landsbyen Ischgl
Skiområdet Ischgl

Landskapet er dominert av beitemarker. Middeltemperaturen er -2 °C. August er den varmaste og mest nedbørrike månaden med i gjennomsnitt 10 °C og 153 mm.

Skiområdet Silvretta Arena Ischgl-Samnaun består av 238 kilometer med løypetrasear og 45 heisanlegg, både kabelvogner, gondolbaner, stolheisar og skitrekk, og omfattar terrenget begge sider av grensa mellom Austerrike og Sveits.

Frå slutten av 1800-talet vart turismen ei ny og etterkvart viktig næringskjelde. Fjellforeiningane i Austerrike og Tyskland bygde overnattingshytter i tida 1882-89. I dag er Ischgl eit døme på på masse- og festturisme. Staden er vide kjend, og kritisert, for det livlege og viltre fest- og nattelivet. Turiststaden er sidan 1990-åra også kjend gjennom dei årlege pop- og rockkonsertane som vert halde på fjellet Idalp, 2&nbs;300 m over havet, som ei avslutning på skisesongen.

Kjelder endre