Isefjorden i Danmark
55°49′59.884″N 11°48′0.010800″E / 55.83330111°N 11.80000300000°E
Isefjorden på Nordvestsjælland i Danmark er ein om lag 35 kilometer lang og 305 km² stor fjord som går sørover frå eit smalt sund inn frå havstykket Kattegat mellom Hundested og Rørvig. Saman med Roskilde Fjord, som munnar ut i Isefjorden i nord, dannar desse to fjordane halvøya Hornsherred, med Isefjorden på vestsida og Roskilde Fjord på austsida. Isefjorden, som er ein såkalla terskelfjord ved å vere grunnare i innløpet frå havet enn elles, er i gjennomsnitt 5-7 meter djup. Den største djupna er på 17 meter, på vestsida av øya Orø. Innhaldet av salt i vatnet ligg mellom 1,6% og 2,2%.
Isefjorden har fleire parti med eigne namn:
- Nykøbing Bugt ved Nykøbing Sjælland,
- Sidinge Fjord (som vart demma inn i 1841), ved Vig,
- Lammefjorden,
- Holbæk Fjord ved Holbæk
- Tempelkrogen og
- Jægerspris Bugt i nærleiken av Jægerspris, sør for der Roskilde Fjord munnar ut i Isefjorden.