Verdsmeisterskapen i ishockey 1985 vart arrangert i Praha i Tsjekkoslovakia i tida frå 17. april til 3. mai 1985. Meisterskapen vart avvikla med innleiingsrunde der dei åtte deltakarlanda møttest til innbyrdes oppgjer. Dei fire beste laga i innleiingsrunda gjekk vidare til eit meisterspel der laga møttest på ny før medaljestriden var avgjort, alle laga starta då utan poeng. Dei fire laga med færrast poeng i innleiingsrunda tok med derimot med seg alle poenga frå innleiingsrunda inn i eit nedrykksspel.

Arrangørlandet Tsjekkoslovakia lukkast vinne verdsmeisterskapen for sjette gong. Canada tok sølv og Sovjetunionen bronse.

InnleiingsrundaEndra

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1   Sovjetunionen 7 7 0 0 52 - 7 14
2   USA 7 4 1 2 23 - 34 9
3   Canada 7 4 1 2 33 - 23 9
4   Tsjekkoslovakia 7 4 1 2 30 - 16 9
5   Finland 7 2 2 3 23 - 25 6
6   Sverige 7 2 0 5 24 - 30 4
7   Vest-Tyskland 7 1 1 5 17 - 31 3
8   Aust-Tyskland 7 0 2 5 21 - 47

MeisterspeletEndra

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1   Tsjekkoslovakia 3 3 0 0 18 - 6 6
2   Canada 3 2 0 1 9 - 8 4
3   Sovjetunionen 3 1 0 2 12 - 8 2
4   USA 3 0 0 3 7 - 24 0

Tsjekkoslovakia sitt meisterlagEndra

Målvakter: Jiří Králík, Jaromír Šindel
Forsvarar: Drahomír Kadlec, Miloslav Hořava, Eduard Uvíra, Jaroslav Benák, Antonín Stavjaňa, František Musil, Radoslav Svoboda
Løparar: Vincent Lukáč, Dárius Rusnák, Igor Liba, Jiří Hrdina, Vladimír Růžička, Pavel Richter, Jiří Lála, Dušan Pašek, Jiří Šejba, Oldřich Válek, Vladimír Kameš, Michal Pivoňka, Petr Rosol.

NedrykkingsspeletEndra

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
5   Finland 10 4 2 4 39 - 33 10
6   Sverige 10 4 0 6 37 - 40 8
7   Vest-Tyskland 10 3 1 6 28 - 41 7
8   Aust-Tyskland 10 0 2 8 16 - 64 2

KjelderEndra