Verdsmeisterskapen i ishockey 1992 vart arrangert i Praha og Bratislava i dåverande Tsjekkoslovakia i tida frå 28. april til 10. mai 1992. Tittelforsvarar Sverige vart verdsmeister for sjette gong, Finland tok sølv og Tsjekkoslovakia bronse.

Meisterskapen vart avvikla gjennom gruppespel og påfylgjande utslagsspel. Dei 12 deltakarlanda var delt i to grupper à 6 lag. Dei fire beste laga i kvar av gruppene gjekk vidare til utslagskampar basert på plasseringa i gruppespelet; kvartfinalar, semifinalar, bronsefinale og finale.

FinalenEndra

Finalen mellm Sverige og Finland fann stad i Praha med 14 000 tilskodarar til stades. Dei fekk sjå Peter Forsberg gje Sverige leiinga 1-0 i den fyrste perioden. I den andre perioden auka Mikael Andersson, Roger Hansson og Lars Karlsson til 4-0. Timo Peltoma og Timo Jutila reduserte mot slutten av kampen til 2-4, før Arto Blomsten fastsette sluttsiffera til 5-2.

Sverige sitt meistermannskapEndra

Målvakter: Tommy Söderström, Peter Åslin
Forsvarar: Lars Karlsson, Tommy Sjödin, Petri Liimatainen, Calle Johansson, Kenneth Kennholt, Fredrik Stillman. Joacim Esbjörs, Arto Blomsten
Løparar: Anders Huss, Johan Garpenlöv, Mikael Andersson, Mats Sundin, Peter Forsberg, Roger Hansson, Michael Nylander, Jan Larsson, Patrik Carnbäck, Patric Kjellberg, Daniel Rydmark, Peter Ottosson

Tsjekkoslovakia sikra seg bronsemedaljane etter 5-2 over Sveits.

SemifinalaneEndra

  • Finland – Tsjekkoslovakia 3-2
  • Sverige – Sveits 4-1

KvartfinalaneEndra

  • Finalnd – Canada 4-3
  • Sveits – Tyskland 3-1
  • Sverige – Russland 2-0
  • Tsjekkoslovakia – USA 8-1

Noreg enda på tiandeplassen.

NedrykkEndra

Dei to laga som enda sist i gruppene møttest til nedrykkskamp. Den kampen vann Frankrike med 3-1 over Polen.

KjelderEndra