Verdsmeisterskapen i ishockey 1994 vart arrangert i Bolzano, Cianacei og Milano i Italia i tida frå 25. april til 8. mai 1994. Canada vart verdsmeister for fyrste gong på 33 år, Finland tok sølv og Sverige bronse.

Meisterskapen vart avvikla gjennom gruppespel og påfylgjande utslagsspel. Dei 12 deltakarlanda var delt i to grupper à 6 lag. Dei fire beste laga i kvar av gruppene gjekk vidare til utslagskampar basert på plasseringa i gruppespelet; kvartfinalar, semifinalar, bronsefinale og finale.

Finalen

endre

Finalen mellom Canada og Finland og fann stad i Milano og enda 1-1 etter spelelengjing, begge laga skåra i den tredje perioden. Canada vann VM-pokalen 2-1 på straffeslag.

Canada sitt meistermannskap

endre

Målvakter: Bill Ranford, Stéphane Fiset
Forsvarar: Luke Richardson, Bobby Dollas, Marc Bergevin, Yves Racine, Rob Blake, Darryl Sydor, Steve Duchesne
Løparar: Joe Sakic, Pat Verbeek, Shayne Corson, Geoff Sanderson, Luc Robitaille, Kelly Buchberger, Paul Kariya, Mike Ricci, Jason Arnott, Rod Brind’Amour, Steve Thomas, Nelson Emerson, Brendan Shanahan

Sverige sikra seg bronsemedaljane etter 7-2 over USA.

Semifinalane

endre
  • Finland – USA 8-0
  • Canada – Sverige 6-0

Kvartfinalane

endre
  • Russland – USA 1-3
  • Italia – Sverige 2-7
  • Canada – Tsjekkia 3-2
  • Finland – Austerrike 10-0

Nedrykk

endre

Dei fire laga som enda sist i gruppespela møttest til nedrykkskampar. I den avgjerande kampen sikra Noreg plassen for andre året i rad etter å ha sigra 5-2 over Storbritannia.

Kjelder

endre