Ishockey
(Omdirigert frå Ishockeyspelar)
Ishockey er ein lagidrett av hockeytypen som vert spelt på is. To lag med seks spelarar kvar medrekna målvakta kjempar om å få ei gummiskive, pucken, inn i målet til motstandarlaget. Profesjonelle ishockeylag finst i Canada, USA, og ei rekkje nordeuropeiske land, mellom anna Noreg. 66 land er med i det internasjonale ishockeyforbundet.