Isla de Cabrera
Cabrera (latinsk Capraia) er ei av dei minste øyane i Balearane i Spania, like sør for Mallorca i Middelhavet.
Isla de Cabrera | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Middelhavet |
Koordinatar | 39°09′N 2°57′E / 39.150°N 2.950°E |
Øygruppe | Balearane |
Tal på øyar | 11 |
Store øyar | —Estells de Fora — S'Imperial — Cabrera — Ses bledes — Na Redona — Conillera — S'Esponja — Na Plana — Illot Pla — Na Pobra — Na Foradada |
Areal | 1,569 ha km²
|
Høgaste punkt | Na Picamosques (172 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Spania |
Provins | Balearane
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Ho er den største øya i ei lita øygruppe som frå sør til nord er Estells de Fora, L'Imperial, Cabrera itself, Illa de ses Bledes, Na Redona, Conillera, L'Esponja, Na Plana, Illot Pla, Na Pobra og Na Foradada.
Cabrera vart nytta som fangeøy for franske fangar under napoleonskrigane. Av dei 9000 fangane som vart sende her, overlevde berre 3600.
Seint i 1916 vart øya ekspropriert av den spanske marinen og ho vart verande ei militærsone fram til 1980-åra. Enkelte sivile frå Mallorca fekk likevel leige delar av øya frå 1920-åra til jordbruk.
I 1936, under den spanske borgarkrigen, fall eit republikansk fly ned på øya. Mannskapet vart tekne til fangar, men to republikanske ubåtar kom til unnsetning og militærsjefen på Carbera og tre sivile fangar vart tekne til Minorca og avretta. Under den andre verdskrigen i 1944, styrta eit tysk fly like ved øya.
Heile øygruppa er ein nasjonalpark, Parque Nacional del Archipiélago de Cabrera. Cabrera er ein populær båtdestinasjon, med mange naturlege hamner. Fleire stader av øya har derimot avgrens tilkomst på grunn av nasjonaplarken.
Bakgrunnsstoff
endre- Archipiélago de Cabrera National Park Arkivert 2009-05-03 ved Wayback Machine.
- Cabrera med kart
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cabrera, Balearic Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juli 2009.
39°09′N 2°57′E / 39.150°N 2.950°E{{#coordinates:}}: kan ikkje ha meir enn éin primærtagg per side